Norway got 12 points from Denmark, Germany, UK, Ireland, The Netherlands, Austria, Sweden and Iceland in the televotes. You could at least SHOW it to the audience! We don't care about the juries.
#Eurovision
Eksamen på NTNU med elendig nynorsk i oppgåveteksten:
Meg: Betyr dette at eg skal samanlikne to ideologiar?
Faglærar: Ja, det var visst ein skrivefeil der. Viss du ser på den NORSKE versjonen forstår du.
Meg: Du meiner bokmål?
Faglærar: Ja, unnskyld!
🤦🏼♀️🤦🏼♀️🤦🏼♀️
«Gullrekka» har blitt eit kjent uttrykk for fredagskveldane på NRK – med god grunn. Men la oss ikkje gløyme den tida då eg var i starten av tenåra, og TV2 hadde denne «gullrekka» KVAR ettermiddag:
15.40 Home and Away
16.10 Waschera
16.35 Friends
17.05 Scrubs
17.30 That '70s Show
Folk: «Hvor kommer du fra?»
Meg: «Sogn og Fjordane»
Folk: «Men det er jo ikke...»
Meg: «Sunnfjord i Sunnfjord i Vestland på Vestlandet. Fornøgd no?» 🤦🏼♀️
Det blei veldig personleg, men det er ei kort forklaring på kvifor eg no må logge av Twitter ei stund og droppe nyheiter. Eg taklar det ikkje lenger. Eg må ha pause. Ta vare på kvarandre 💛 God påske!
Maud Angelica Behn sin tale er noko av det sterkaste eg har sett 😭 16 år og så reflektert. Og den teikninga 💔 Hennar oppfordring om å be om hjelp var meir truverdig enn alle andre som har snakka om psykisk helse. «Et selvmord er ingen sin feil, det er som en dødelig sykdom.»
Eg er så lei av vikarlivet! Lei av å bli utnytta. Lei av å jobbe hardt, men sitte igjen med Svarte-Per. Lei av å miste kontakten med gode kollegaer. Lei av ustabil økonomi. Lei av å aldri kunne kjøpe konsert- eller flybillettar nokre månader fram i tid fordi eg brått må flytte 💔
Universitetet er stengt og eg har ikkje jobb lenger. Ingen grunn til å vere i Trondheim, altså... Skal eg flytte til kjæresten i Stjørdal? Because why the HELL not?! (pun intended) 😜
«Jeg er 27 år og klarer å se at det du skriver er helt feil. Det klarer resten av Norge også.» TIX er så reflektert, rolig og profesjonell i denne debatten 🔥🙌🏼
#NRKDebatt
Det er bra det ikkje eksisterte nettaviser då svartedauden kom.
AKKURAT NÅ AKKURAT NÅ AKKURAT NÅ AKKURAT NÅ
DIREKTE fra Bjørgvin: Mystisk skip ankommer Vågen: – ALLE SKAL DØ, hevder smitteekspert
For ein vestlending er det svært fascinerande å observere kva slags metodar byfolk brukar for å komme seg av bussen.
1. Legge mobilen i lomma
2. Riste litt på sekken
3. Snu seg halvvegs mot sidemannen, smile og (eventuelt) seie «hehe»
Null kommunikasjon er stikkordet!
Eksamen 3/3 ✅ Eg er eigentleg sjukt stolt over det eg har fått til dette semesteret! Har jobba masse i NRK i tillegg. Den komboen hadde aaaldri gått om det ikkje var digital undervisning, men whatever. Det er SÅ godt å kunne ta med seg ei positiv oppleving frå 2020! 🙌🏼
Topp 3 rare og upassende spørsmål på jobbintervju i løpet av dei siste vekene:
1. Gaffel eller skei?
2. Er du mammajente eller pappajente?
3. Er du singel?
😫😫😫
Gje meg gode grunnar til å ikkje gje opp!
You can now stream
#AmericanCrimeStory
: The Assassination of Gianni Versace on
#Netflix
🙌🏼 FINALLY everyone can enjoy the sight of Darren Criss absolutely killing it in the role of Andrew Cunanan. Outstanding performance! Darren deserves all the love and awards in the world 🏆
NRK er redd for smitteeffekten bilder av sjølvskading på private Instagramkontoar kan ha. Men så viser dei det sjølv – heilt usladda – på Dagsrevyen med ein halv million sjåarar og i nettsaker som når eit enormt stort publikum. Etikk, please.