Frittgåande trekkspelar og til tider strukturert fiskelærar.Charlton. Liverpool.Burde hatt fredsprisen Twitrar ikkje alltid som meg sjølv. Snap:Karjann
Om eg og ho mor vert avlytta:
-Noko nytt?
-Nei.
-Og elles då?
-Nei, elles er det bra. Du då?
-Bra.
-Har du sett vêrmeldinga?
-Nei.
-Det skal blåse opp. Søvest. Kan bli stygge på høla.
-Ferja går vel
-Ja. Alltid det.
Eg er ikkje overraska om dei trur vi snakkar i kodar.
Kari Jaquesson dreiv med trening.
Arne Treholt jogga.
Putin trenar.
Eg ser eit mønster her.
Hadde dei heller spelt trekkspel hadde det ikkje gått so gale for dei.
Eg har ingenting i mot ein svart mann i kongefamilien.
Null problem.
Bringt it on.
Det eg ikkje vil ha inn i kongefamilien er ein mann som meiner han er ein reptil og som seier at kreft er sjølvpåført. Makan.
Eg er so lei kjendisar som stiller opp i program for andre kjendisar. Det er so lite matnyttig. Det er so kjedeleg. Saknar program om vanlege folk. Saknar Kvitt eller Dobbelt med kunnskapsrike mennesker.
Helsing Kariann frå attenhundredeogkattapult.
Klopp: Hi,nice to meet you.
Norsk sportsjournalist:Hello. Liverpool is a great team.What do you think about Erling Braut Haaland,Ole Gunnar Solskjær,John Arne Rise, Tutta,Sonja Henie, brunost, Freia Melkesjokolade, Astrid S, Keiko, Julius, did I mention Ole Gunnar Solskjær?
🙄
Å få 3 og 4 på vitnemålet er like bra som å få fullt av 6’arar so lenge ein har jobba for det. For nokre ligg det mykje slit og tårer bak prestasjonane. Kanskje vi skal hylle dei og, og ikkje berre dei som får fullt av toppkarakterar på vitnemålet.
Berre ein tanke.
In Norway, when we find a single glove without its partner and owner, the finder hang the glove on a brøytestikke, and I think that is absolutely beautiful.
Har fått innføring i Tinder. Det sveipast til høgre og venstre. Og so kjem det meldingar som ho mor sjølvsagt må svare på. Trur gutane seriøst at dei dreg damer på slikt? Ikkje spelar dei trekkspel heller.
I dag delte eg og han far ein blomebukett. Eg sette halva på grava hans, og den andre halva tok eg med meg heim og plasserte på bordet. Då er vi litt i lag likevel.
Fekk telefon frå ferja. Det blas so kraftig og med ei so ugunstig vindretning at dei måtte innstille siste ferja. Dei hadde merka at eldstedøtra ikkje var komen heimatt og lurte på om ho skulle heim i kveld, noko ho då ikkje skulle.
Godt å bli passa på og etterlyst❤️
Møter du ein ungdom som har sommarjobb so ver grei og tolmodig.
Eg hugsar sjølv eg hadde jobb på ein kafé, sto i kassa med fullt trøkk og ein kar pressa ut av seg: Det går so treigt. Det er ei her som ikkje kan noko.
Ikkje ver ein slik rasstapp.
Alle startar ein stad.
Det er mykje snakk om plastemballasje og at det ofte er mykje og unødvendig. Men vi må ta diskusjonen om emballasjen rundt rekene. Her må det seriøst bli gjort noko.
Tenk då, om 20-30 år, når Tore På sporet får inn forespørsel frå folk som har lyst å finne att faren sin, og i staden for å leite opp sjømenn i utlandet, må han sitje og sjå gjennom 20 sesongar av Paradise Hotel og Ex on the beach for å finne vedkommande.
Tidene forandra seg.
I dag har han far bursdag. Eg kjøpte ein blomebukett og la halva på grava hans. Den andre halva tok eg med meg heim og plasserte på bordet.
Då er vi litt i lag likevel❤️
I dag delte eg og han far ein blomebukett. Eg sette halva på grava hans, og den andre halva tok eg med meg heim og plasserte på bordet. Då er vi litt i lag likevel.
Eg tykkjer Farmen er litt oppbrukt. Kva med å starte ein realityserie som heiter Byen der folk frå bygda kjem til byen og må gjennom div utfordringar: ta kollektivtransport og køyre bil i rushtida, bestille vanleg filterkaffi på Grünerløkka, spele trekkspel på K.Johan.
Eg er med.
Å vere i risikogruppa og ha overholdt alle råd, men oppleve at andre gir blaffen, føles litt som at ein er den flinke jenta i klassa, medan andre juksar og oppnår same resultat, heilt til nokon blir teken og det vert kollektiv straff for heile klassa.
Det er so surt,det.
Må alle de som skyt opp fyrverkeri utanom den lovlege tida på nyttårsafta, bli forfulgt av ei evig trekkspelgruppe som spelar Drømmen om Elin om att og om att og om att og om att og om att. I ulik dur.
Grunnen til at Eirik Bakke er sur har ingenting med fotball å gjere. Han går nemleg framleis og kjenner på ein anger over at han takka nei til ein dans med meg i det herrens år nittenhundre og åttiåtte. So no veit de det.
Må alle de som skyt opp fyrverkeri utanom den lovlege tida på nyttårsafta, bli forfulgt av ei evig trekkspelgruppe som spelar Drømmen om Elin om att og om att og om att og om att og om att.
Eg er so gammaldags at eg tykkjer øl skal vere øl med humle, vatn, gjær og malt. Mango, pasjonsfrukt, sitron, kokos, pomeran og fandens oldemor skal de ha billeg for meg.
Skal fikse røret under vasken. Tek av røret med vasslåsen på. Den er full av vatn. Tømmer det ut i vasken som manglar røret med vasslåsen🙄
Nokon, hvis namn ikkje skal nemnast, vert ikkje nominert til årets iq-pris. Det er i alle fall sikkert.
Men eg fiksa det til slutt.
Er det ikkje litt rart å ha ein arbeidsminister som ikkje har hatt anna jobb enn å vere politikar? Litt som då kronprinsen reiste rundt og ga råd til gründerar.
Ikkje noko i mot Tonje Brenna, men på eit generelt grunnlag trur eg vi er tent med politikarar med yrkeserfaring.
Det vart pesyne meg nokre pullertar. Resten av motivet skal eg bygge ut seinare. Takk for alle gode råd.
Og til gubbane: Up yours…på generell basis.
Oslo❤️
Eg skal ikkje meine so mykje om den mykje omtalte grottefesten, men ein ting er i alle fall heilt sikkert: Hadde ungdomen spelt trekkspel, hadde dette aldri hendt.
I dag går tankane mine til alle mannfolka eg såg som sat utanfor klesbutikkane og venta på kjerringa. Seriøst? Gå og ta dokker ei øl. Det har de fortent.
Ei eg kjenner,la oss kalle ho døtra mi, fekk ein snap frå ein kar, la oss kalle han Robertsen.Han ville betale ho 5000 dersom ho kunne tilfredsstille han.
Om du ser dette Robertsen: Du er ein ekkel og stygg tosk!Du burde ikkje ha mobil. La folk vere i fred.
Gå og leik med piraja.
«Har du vore i eit selskap der du har måtte skamma deg over eit par arbeidsslitte hender, då har du vore i feil selskap».
Bjørnstjerne Bjørnson, mine damer og herrer.
God 1.mai
20 år…. Tju.e.år har eg brukt.
Som ei motvekt til alle pakkekalendarane,so deler eg min.
Eg trøystar meg med at tanken er god og at vi gler oss vilt til 10.og 17.desember.
God desember då dokker🎄
Har bestemt meg for å gå over til å skrive bokmål siden noen mener nynorsk er dustete.
Ja, jeg føler meg straks mer intelligent og inkeltk... inteklekt... inlektu.... intlek... smart.
Dear mr president
@realDonaldTrump
If you don't pull yourself toghether, I will come straight over to the White House and play the accordion outside until you do. Your choice.
Dersom han der j…Durek lirar av seg at vi ikkje likar han pga rasisme, so skal eg trykke eit elektronisk trekkspel langt opp i ein viss plass på han og setje på Livet i Finnskogarna på repeat.
Og kjære media: De treng ikkje sitere han i ett og alt.
Makan til fjasepeis😡
Fekk meldingsvarsel på Messenger frå ho mor: Den var fin og stiv😍
Trudde fyrst ho hadde sendt meldinga feil og kanskje den var meint for ein annan mottakar. Torte nesten ikkje opne bilete som kom rett etterpå. Det synte seg at ho hadde laga ripsgele.
Eg må slutte å overtenke🙄
No må
@vgnett
faen brette meg slutte med dette her. Faresignal? Fare for kva? ADHD? Ein prøver å få born og ungdom til å leve med ei diagnose,få vekk stigma, og so presterer Noreg si største avis å smørje dette opp på framsida. Skjerp dokker,sopelestar.
Eg vert so SinteBesta.
Eg kjem inn på rommet. Du ligg framleis i dvale. Stryk deg varsamt. Merker at du reagerar. Eg veit at om eg trykker på dei rette knappane, så svarar du.
Til slutt er du lys vaken og klar for litt action.
Det er veldig fint å vere den fyrste som startar kopimaskina på morgonen.
Kan vi ikkje berre la vere å seie at nokon taper kampen mot kreften eller vinn over kreften. Folk døyr av kreft, overlever kreft eller lever med kreft.
Kreft er ingen konkurranse, sjølv om det til tider kan virke slik.
Det er krig i verda, svolt, overgrep, fattigdom, men og nokre fine og viktige ting som skjer,
men Dagbladet og VG berre:
- sjå verdas største penis
- derfor vil ho Noregs største puppar
- derfor ryk forholdet
- slange i do
- bloggar er gravid
Og eg berre:🙄
Melding til jentene mine: Om de nokon gong reiser til Kollen på skirenn, drikk dokker ravande fullje og ravar rundt i skogen, skal eg ta den eine og slå den andre med.
Det vere seg om dei er 18, 25 eller 50 år.
Finn Schjøll fekk ein gong spørsmål om kven i samfunnet han meinte burde skjerpe seg. Då svara han:
-Eg har kost. Eg har dør. Eg får feie der.
Godt svart. Godt sagt.
Eg, hestehalen og makrelldrakta er godt i gang med julebordet i enkeltmannsforetaket mitt. Ja, eg veit, det er ein gammal vits, men hallo, no nyttar ein alle høver til å pynte seg. Eg kjem til å bli litt lei av meg sjølv i løpet av kvelden.
Smask og klink til alle galningane😘
Erna Solberg: Det må fødast fleire born i Noreg.
Også Erna Solberg: Vi må legge ned fødeavdelingar for fødeavdelingar kostar pengar.
No er ikkje eg rakettforskar, men altso, kva skjedde med tilrettelegging? Kven vil føde born når ein ikkje er sikker på å nå fram til sjukehuset?
Dagens oppmoding: når nokon ringer til deg og du har dei på høgtalar, er det god skikk og bruk å opplyse om dette i byrjinga av samtalen. Enig? Lik og del. Neida. Men seriøst, er ikkje det høfleg?
Eg diggar jula. Eg likar Askepott. Eg likar Grevinnen og Hovmesteren. Eg likar pakkar. Eg likar maten. Eg likar juletre. Eg likar Disney. Eg likar kosen.
Twitter er full av anti-jul. Dei om det. Det må vere lov å like jula. Eller?
«Har du vore i eit selskap der du har måtte skamma deg over eit par arbeidsslitte hender, då har du vore i feil selskap».
Bjørnstjerne Bjørnson, mine damer og herrer.
Det er mai, folkens🎈
I dag såg eg ein gut som gjekk eins ærend inn på Rema for å kjøpe seg ei Donald Pocket for sine eigne pengar.
Kall meg gjerne rar, men det var eit vakkert augneblink.
På veggen i klasserommet heng ei teikning som Sylvi har teikna.
"Jonas er teit",står det.
Lærar Erna ber Sylvi om å ta ned teikninga,noko ho nektar.
Lærar Erna seier unnskyld på vegne av Sylvi.Sylvi sit og småflirer bort i ein krok med gjengen sin.
Berre ein tanke
#dax18
Til dokker som er so opptekne av at ungane dykkar ikkje skal spele i korps. Tenk, det kunne ha vore verre. Dei kunne ha kome heimog sagt: Hei alle saman. I dag har eg meldt meg inn i ein trekkspelklubb, og eg har sagt at vi kan øve her heime hos oss.
Tenk litt på det.
So sit eg her då, på kjøkkenet, tek ei øl, kikar ned på sjøen og på båtane som fer forbi på veg til eit eller anna. Måsane fyk forbi vindauget og på ein stol ligg Kjell Edvard og pussar pelsen.
Her sit eg og er himla glad eg ikkje er på veg til Sverige.
#fredagsselfie
I dag var eg i ein butikk og skulle ha meg eit trekkspel.Framfor meg var det ein gjeng med trønderar og alle skulle ha seg trekkspel, fem nye trekkspel av nyeste versjon med belg og heile pakka.Regninga kom på 150 000.Sjefstrønderen drog opp ein rekvisisjon frå NAV.Og det funka.
Berre innom so snarast for å seie hei og god helg😘 har vore i student og jobb-bobla. Blitt kjent med fine folk, skjerpa hjerna, gløymt,hugsa,vore frustrert,glad.Har ikkje gløymt hjartet,men det er satt litt på vent akkurat no.Hjerna jobbar desto meir.
Ha det fint,galningar😘❤️
Det er katastrofe ein stad i Noreg. Statsministeren sender støttemelding og møter opp på lokasjonen. Folk presterer å kaste skit til statsministeren og kritisere politikken. Det er vel ikkje akkurat det ein treng no. For dei som står i det er slik støtte viktig.
Skjerpings.
Huset til ho mor har husa alt frå nattverd med prest tilstades og misjonsmøter til fylleslag.Det har og vore arbeidsrom for fiskarar vinterstid der dei har sete og bøta garn.I kveld skal vi feire 20 årsdagen til døtra.Unge og gamle.Det vert platesnurring og god stemning.
Puss😘
Dagens fredagsselfie. Har teke med meg hestehalen og heng utanfor slottet og ventar på å bli invitert inn på kaffi og løfser. Dette kan ta si tid,gitt. Eg har god tid. Flaks.
Av og til, berre av og til, er eg skikkeleg rampete. Då køyrer eg utanom ferjetidene, berre for at ho som ser alt og veit alt,skal gå resten av dagen og lure på kva eg skulle.
I kveld måtte eg ringe ferja for å be dei om å vente på meg. Null problem. Skipperen har meg lagra på telefonen og drog ein spøk då eg ringte.
Det er noko i det gamleskipperen sa: Den dagen vi ikkje har nokon å vente på, ja det er ein sørgeleg dag.
Eg har dobbelthake,kanskje trippelhake,eg er ikkje so sporty og kanskje ikkje oversmart. Men ey,prøvesvara som har gnege meg gjennom heile sommaren var negative. Det er positivt. Eg er frisk, fullvaksinert OG det er fredag💃Brilljebesta og Puseklepp ynskjer fine folk god helg😘🥂
Twitter er gull.Her deler folk alt.Oppturar,nedturar, graviditet, dødsfall, mastergrad, trygd, jobb, ferie, kjæledyr, ekteskapsbrot,nye relasjonar,ny jobb,gammal jobb,rett og slett alt.Når alt kjem til alt er vi berre mennesker,og det er so utruleg vakkert❤️Twitter er mennesker❤️
Nytt profilbilete OG fredagssjølvfi på same gong. Heilt kreisi.
Lettare solkyssa ( eller det som verre er) med planer om å snakke litt med boblene, lytte til båtane nede på fjorden og tippe riktig knop. Huset er fullt av glade jenter.
Trur eg skal lytte litt til dei og ❤️
For sju år sidan døde pappa. Rar tid i etterkant.Ho mor har ikkje vore so mykje ute etter det.I går melde ho seg inn i pensjonistlaget og var på møte,vart med i ei valnemd og kom heim med 10 kg torsk i ein stamp. Eg hadde håpa ho møtte ein hunk,men litt fisk er ikkje å forakte.
Veit de,eg skulle gjerne ha gitt ganske mykje for å få tilbake overskrifter som:
-SLIK BLIR DU KVITT MAGEFETTET!
-FLÅTTEN KJEM TIDLEG I ÅR.
-HADDE SEX I PARADISEVILLAEN
-NO POTENS,NO PROBLEM: NY PILLE.
-STILLINGEN FOR DEG SOM HAR TISS PÅ TVERS.
-FARMEN-BODIL(70 ÅR) ER GRAVID!
Når alle bryr seg om kva andre gjere og skal meine so mykje om alt og alle,tenkjer eg på Finn Schjøll sine gode ord då han fekk spørsmål om kven i samfunnet han meinte burde skjerpe seg:
-Jeg har kost. Jeg har dør.
Jeg får feie der🎈
18-åringen skal på fest. Eg ramsar opp for ho kva ho ikkje må gjere. Ho ser rart på meg og eg forstår at eg nok sikkert har røpt litt for mykje om mi eiga ungdomstid.
Takk for det gamle,gode twitterfolk. De skjerpar meg, underheld,belærer,opplyser,irriterer og gjer meg til tider glad i sjela.
Nokon meir enn andre❤️
Le,les og lev.
Bry deg om, ikkje med.
Alt vert ikkje bra, men kan hende det ikkje vert so hakkande gale.
Godt nytt år,galningar❤️
Snakka med ei bestemor.Ho fortalde stolt og glad at barnebarnet,ei ung kvinne,skulle begynne på ei ny utdanning.
Det var so fint.
Ikkje eit ord om at jenta tidlegare var gut,berre at jenta endeleg hadde det bra og var på rett stad i livet.
Tenk om samfunnet var ei slik bestemor.
Nokon har kritisert meg for å skrive alt eg tenkjer.
Eg vert litt sur av slikt og tenkjer at det er søren ikkje mitt problem. Men so høgg det i meg at det er nettopp eg som er problemet.
Av og til er det enklare å høyre på den eine negative stemmen enn alle dei andre positive.
Sto i kassa på Rema med ei relativ vaksen handlevogn. Då smell det frå ein eldre kar: Ventar du krig?
Uansett;Hadde eg levd under krigen hadde eg vore i motstandsbevegelsen og kodenamnet mitt hadde vore «Kveita»,spesialist på lågtliggande operasjonar. God fredag då dokker😘
Besta hadde fire born, stelte svigerfaren sin og mora si då dei vart gamle, hadde ansvar for fjøs og gard då mannen var på fiske, laga all mat frå grunnen av og var aktivt med øylivet.
Eg trur eg skal manne meg opp til å ta ut av oppvaskmaskina og brette i hop klea.
Ein vert litt tom for ord når ein mister twitrarar som ein har fulgt lenge og som ein føler ein kjenner…. Kjente.
Ja, det er «berre» via internett, men jammen kan ein få relasjonar til folk likevel. Ein lærer og forstår samfunnet frå ein annan ståstad.
Ta vare på kvarandre❤️
1) Tusen takk for gode og seriøse tips. Eg skal sjekke ut.
2) Eg spurte etter spesifikke studio der ein kan tatovere seg, IKKJE OM DU LIKAR DET ELLER IKKJE ELLER AT EG MÅ TENKE MEG OM ELLER LA VERE.
Akkurat det bryr meg midt bak.
Makan.
Eg tykkjer stort sett at folk er greie, men dei som kastar ølboksar ut av vindauget på bilen langs vegen, fortener ein omgang pryl og kokos. Samstundes.
Om du trur du har ein dårleg dag, so kan du jo berre tenkje deg til korleis den stakkars kapteinen på lasteskipet i Suezkanalen har det. Han blokkerer heile kanalen med båten sin. Skal seie det hopar seg opp der nede.
For 400 mrd kunne Elon Musk ha fått 16 000 000 fullt brukare trekkspel. Han kunne sikkert utstyrt dei med motor og sendt dei til himmels. Men, vil han det? Nei, han kjøper heller Twitter. Særing.
Nokon vil sikkert seie at han har gjort verda ei teneste. Dei om det.
Yngste døtra har fått katt og eg so smått nyforelska. Dessverre har kanskje den andre døtra blitt allergisk mot katt, so då har vi ikkje noko anna val enn omplassering. Om nokon har bruk for ei ung, stoverein dame på 22 år so ta kontakt.
Prøvde på eit flott bilete foran juletreet.Såg ut som eg var ein del av julepynten. Prøvde meg på eit intellektuelt bilete i ein stol. Eg ser framleis ut som ein del av julepynten.
Klar for 2024.Meir fjell. Fleire bøker. Fleire mennesker. Meir fisk. Meir musikk.Mindre dustefolk.