Olav H. Hauge dagbok Profile
Olav H. Hauge dagbok

@OHHauge_dagbok

Followers
5K
Following
3
Statuses
2K

Joined November 2011
Don't wanna be here? Send us removal request.
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 days
Biografiar er i vinden; kvar mann som har lyft nasa litt høgare enn hitt-folket, synest han bør skriva sin biografi (10.2.82)
0
3
9
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
5 days
Les heile dagen, ør i hovudet. Og spela radio. Nytt apparat med serskilde høgtalarar, sokalla stereo, beste frå Tandberg. Heilt fint (6.2.72)
0
1
4
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
11 days
Hovudverk. Det er etter lesnad. Hovudet fullt av sprengd gråstein. Kanskje kan Basho hjelpa, han er lett som ei sumarsky, som vind i lauv (Siste januar 74)
0
2
10
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
16 days
Har du ikkje lært av dei gamle kuffertmennene? Du må turkeklutar og blondor til gjentone – litt attpå. Kanskje litt knask til ungane óg (26.1.69)
0
1
3
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
17 days
Såg i kveld i fjernsynet Brigitte Bardot, har ikkje set film av henne fyrr. La vie privee. Morosamt. Ho har gneisten. Sex-stjerne. Ikkje å undrast på, det er ei gjente! Krut (25.1.72)
0
1
7
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
22 days
Thoreau nekta betala skatt so lenge USA held slavar. Emerson kom til han i fengslet: Henry, kva gjer du der inne ? Thoreau svara: Waldo, kva gjer du der ute? – (20.1.79)
0
1
8
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
27 days
Ein diktar treng både mikroskop og stjernekikkar.  No har mange diktarar mikroskop, få stjernekikkarar (16.1.72
0
3
12
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
1 month
Ikkje gjort noko denne fyremiddagen. Jau, eg fekk til ei line so ho lyste opp, gav vesle diktet ei meining. Likevel godt dagsarbeid  (3.1.66)
0
4
11
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
1 month
Kven lyder ikkje når ein høyrer «Deilig er jorden»? Og endå vanvyrder somme tradisjon. Den tonen kjenner me, den djupaste trong i mannahjarta har fenge uttrykk i den. Me er enno pilgrimar (30.12.74)
0
4
12
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
No, no må eg vera ferdig med brevskrivingi til so lenge. Nei, eg har damor att! Dei er det meir spanande å skriva til (28.12.68)
0
1
8
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
Eg dreg upp gardina om morgonen, ser dette spinkle vinterlandet, svarte tre, halvljos. Breugel, tenkjer eg. Ingen har måla vinteren som han (3. joledag 69)
0
2
7
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
Har du tykt um ein diktar i ungdomen, so vert det tungt å visa han ifrå deg seinare, han har vorte ein del av deg, endå du då dømer etter andre mål (2. joledag 67)
0
0
7
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
Me er gjester på jordi, ei stutt stund berre. Lat oss sjå oss um. Det er òg å tena Gud! (Joli 59)
0
1
7
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
Dei klagar yver alt. Joli er heller ikkje som fyrr. Men magiske barneaugo trollar um det mest banale til noko vedunderleg; kanskje har borni jol no ȯg. Me som er gamle ser det ikkje (23.12.76)
0
1
8
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
Til professor Birkeland plar eg laga eit rim, det er no straks noko anna enn det evige gledeleg jol og godt år. I år skreiv eg: Me fær halda jol i kvart vårt bol og vera sæle te at me har fred - og mykje ved.
0
0
4
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
JEV sender meg Mor Godhjerta. Dette ser spanande ut. Eg legg godt i omnen og gjeng til sengs (16.12.68)
0
3
8
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
Gjenge tur i kveld, uppyver so me kjem undan vegljosi. Mange byfolk ser aldri stjernone, berre gateljos (14.12.76)
0
4
18
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
Jack London: Tvangstrøyen. Merkeleg! Dei er spanande desse bøkene til Jack (13.12.71)
0
1
4
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
I dag fekk eg tvo brev (skrivne same dagen) frå Bodil Strømsted på Staubø. Gode brev! Underleg menneske, må vera. Ho er i ferd med å strikka meg ein vest, skriv ho. Ja ja (10.12.70)
0
1
14
@OHHauge_dagbok
Olav H. Hauge dagbok
2 months
Kritikardiskusjon i fjernsynet. Den beste var Jan Erik Vold, ein liten guttasse på eit par og tjuge, -ingen talar, men godt vit i det han sa. (8.12.65)
0
1
14