Er det stigmatiserande å skrive at uvaksinerte gjer pandemien verre? Kanskje. Men det er sant. Dei er overrepresentert blant covid-innlagde. Folk står fritt til å ikkje ta vaksinen, men fridom kjem aldri utan ansvar. Folk må tole å høyre korleis deira val påverkar samfunnet.
I 2014 vedtok bystyret at Bybanen skulle gå i tunnel. Brann rykka ned.
I 2016 vedtok bystyret at Bybanen skulle gå langs Bryggen. Brann tok sølv.
I 2021 vedtok bystyret at Bybanen skulle gå i tunnel. Brann rykker ned.
Om du meiner at Noreg ikkje treng å ta eit oppgjer med rasismen, kan du anten meine at det ikkje finst rasisme her, eller at rasisme ikkje er så ille.
Begge delar er frykteleg feil.
HRS får 1,8 millioner kroner. Dette frå den same regjeringa som har lagt fram ein handlingsplan mot muslimhat. Kvifor motarbeider regjeringa sitt eige arbeid, eigentleg?
No trur eg norsk offentlegheit har diskutert Twitter-utestenginga meir enn forsøket på kupp i USA. Og langt meir enn rasismen som ligg bak valden. Det er ikkje heilt bra.
Journalistar – som har språk som arbeid – bør fatte at «innvandrere betaler mindre skatt ...» høyres ut som noko heilt anna enn «innvandrere tjener mindre …"Det eine høyres kriminelt ut. Det andre viser fram forskjellar. Terningkast 2.
Hadde Raudt fått viljen sin, ville folk i Kherson framleis vore okkupert. Heile Ukraina hadde falt om Raudt hadde bestemt vestens respons. Det viser kor solidarisk Raudt er i den ekte verda. Politikk har konsekvensar. Heldigvis ville dei fleste andre stå mot russisk imperialisme.
Du er djupt nede i konspirasjonshòlet om du trur Pride er ein konverteringsfestival. Pride-arrangement for born handlar om kjærleik og toleranse. Håpet er at neste generasjon skeive skal få det betre enn tidlegare generasjonar. Trugslar om vald er eit angrep på demokratiet.
Denne saka stinkar. Eg klarer ikkje å tru at det er heilt tilfeldig at denne videoen (og dei dårleg funderte narkoskuldingane) dukkar opp akkurat når Marin er knallhard i debatten om russiske turistvisum. Det er noko ein må vurdere når ein skriv om henne.
Fridomen til å hevde kontroversielle ytringar kjem òg med eit ansvar på slep. Det prøvde
@eskilpedersen
å peike på i 2011, men vart sabla ned.
Min kommentar, ti år etter:
Dei som er veldig oppteken av at folk ikkje kan definere sitt eige kjønn, er sjukt oppteken av å definere kjønnet til andre folk. Ingen taper noko på at transkvinner blir sett som kvinner, eller at transmenn er menn. Men ein minoritet får det betre. Det burde vere enkelt.
Dei som seier at Trump ikkje kan bli verre enn Biden har fullstendig fråkopla seg sanninga. Trump er ein fiende av den vestlege verda, og vil setje mange av oss i fare.
Korleis kan folk som vil opne nye oljefelt sjå neste generasjon i augene? Før handla det om å etterlate jorda i betre stand enn ein sjølv fekk den. No kan kloden ha det så godt så lenge oljefondet blir stort nok. Dei pengane kan ikkje redusere temperaturen.
Det nærmar seg slutten no. Takk for alle fine tilbakemeldingar etter tweetstormen i går og i natt og i dag. Har sjeldan hatt det så gøy! Men den store helten er
@lambrechts
, som først fann masse data og så laga eit nydeleg script i ein kode som han har lært meg (litt) å bruke.
Hagen bad folk sjå på historia til Krim-halvøya, for å legitimere Russlands annektering.
Det har eg gjort i dagens kommentar, og det ser mildt sagt ikkje pent ut for Carl I. Kreml.
Dei som sprer den idiotiske konspirasjonsteorien om at USA sprengde NS1 og NS2 går Putins ærend, og seier akkurat det han seier. Du bør sjå deg i spegelen dersom talepunkta dine er lik som han som vil utslette det ukrainske folket.
Sylvi Listhaug gjer comeback i regjering, "erfarer NRK". Dette er statsråden som då ho måtte gå, nekta å følgje råd frå statsministeren. Dette er veldig, veldig lite tillitsvekkande.
Eh, nei. «Jeg tenkte at jeg som norsk borger, som alle andre, kunne kjøpe enkeltaksjer i store, norske, solide industriselskaper som er viktig for landet.» Eg får ikkje lov til å kjøpe enkeltaksjar grunna jobben min, til dømes. Kvar er dømekrafta?
Nei, tonen i rusreformdebatten er ikkje for hard. Det er ruspolitikken som er for hard. Dei som er mot ein kunnskapsbasert og human ruspolitikk, og som konstruerer løgner for å vinne fram, fortener å høyre det tydeleg og klart: Dei øydelegg andre folks liv.
Det er berre 8 år sidan NFF nekta folk å ta med regnbogeflagg på Ullevaal. Forbundet prøvde òg å nekte Brann å bruke regnbogeflagg som hjørneflagg fordi det var «for politisk». Det har heldigvis skjedd litt i NFF, men idretten har litt å gå på når det gjeld forholdet til politikk
Eg skriv om medlemslista til NNPF i dag: «Dei som vert utsett for ulovlege politimetodar i rusjaktas teneste, har rett på å vite om dei vert ransaka av eit medlem av ein politisk lobbyorganisasjon.»
Kvifor demonstrerer folk mot Sian når ein veit at det gir dei meir merksemd? Og kvifor stiller mindreårige opp i ein slik demonstrasjon?
Jo, det finst det gode svar på, som ein må forstå for å vere relevant i kampen mot rasisme. Eg prøver her:
Greit å hugse på at streik ikkje berre handlar om løn, og at relativt god løn ikkje betyr at arbeidskåra skal vere dårlege. Rekk opp handa om du hadde akseptert dette på din arbeidsplass.
Dette er så trist. Johaug vil framleis ta imot pengane frå Huawei, sjølv etter skuldingane om at selskapet bidreg til folkemordet på uigurane. Dette er verkeleg æresprismateriale, ja.
Den boksesaka viser at det finst ein god del som ikkje berre tar feil — dei bryr seg ikkje om kva som er sant. For dei har bestemt seg for at ei kvinne er ein mann, og då er det ingenting som kan få dei til å tru noko anna.
Nokon vert gravlagt utan mange av sine næraste tilstades, fordi dei tar omsyn til pandemien. Andre fyller opp uteserveringa for å drikke øl i sola. Skal me lukkast med å halde dødstala nede, må den eine gruppa lære av den andre.
Vestleg luftvern reddar tydelegvis for mange sivile liv i Ukraina.
Det er forøvrig grusomt arrogant å sitje i Noreg og meine at Ukraina berre kan gje opp – og at det er ei «realistisk tilnærming». Nei, det er ei imperialistisk tilnærming.
«Jeg jobber fast i full stilling i Helse Bergen. Jeg betaler skatt og er en vanlig mamma til to friske barn. Jeg eier min egen leilighet og bil. Alt ser tilsynelatende vanlig ut.» Dette debattinnlegget bør du få med deg.
Det må vere lett å jobbe i denne såkalla spesialeininga. Setje på kaffe, sjå politiet gjere nokre lovbrot, leggje vekk saka, drikke kaffien. Gå heim. Ny dag i morgon.
Akkurat no slit eg med å forstå dei som heng seg opp i alt anna enn Russland/Ukraina. Desse dagane vil det stå mykje om i historiebøkene. Og gudane veit kva utfallet blir.
Å herregud, å herregud, å herregud, å herregud, å herregud, å herregud, å herregud, å herregud, å herregud, å herregud, å herregud!
Dette er jo FANTASTISK! 🥳🥳🥳
Det er 2023 og vaksne folk oppdagar at Innlandet ikkje kan ta unna like mykje regn som Vestlandet. Eg har mange spørsmål om geografiopplæringa her til lands.
Nei, me treng faktisk ikkje gi han ein sjanse. Alle som har fulgt britisk politikk i meir enn fire sekund veit kven Johnson er og kva han står for. Me veit at han lyg heile tida. Det er den same Boris som var heilt udugeleg som utrixminister, bl.a. i Iran-saka. Han er ikkje ny.
Null militær bistand frå Noreg. Ingenting.
Samtidig har Noreg kome med *sjekker notata* null økonomiske sanksjonar mot Russland på eiga hand. Me sleng oss berre på det EU blir einige om. Men me tener enorme mengder pengar på høg gasspris, då. Flaut.
Slovakia is giving to Ukraine:
- 12,000 pieces of artilery amunition (120mm)
- 10 million litres of fuel
- 2,4 million litres of aviation fuel
- 2 Bozena demining systems and other materials.
@TV2_Jon
Det er fotballsupportarar som har jobba for boikott av fotball-VM. At golf og formel-1 ikkje har organiserte fans betyr ikkje at fotballsupportarar skal ta den kampen òg.
Denne saka er heilt fantastisk. Sylvi Listhaug har spist den same maten i to kommunar. I Frp-styrte Os sa ho at den var god. I Ap-styrte Bergen var den dårleg. 🤔🤔🤔
I FrP-styrte Os var maten de eldre fikk servert god. I Bergen var maten fra eksakt samme leverandør fæl, og så ut som oppkast. Alt i følge Sylvi Listhaug. Slik går det når man bryr seg mer om hvem som styrer kommunen enn om maten.
Det finst framleis folk som ikkje vil forstå kva for eit helvete «fred» vil vere for ukrainarane dersom Russland vinn. Får denne gjengen gjennomslag i vesten, aukar sjansen for at Russland får gjennomføre folkemordet sitt.
Ein av to ting har skjedd her:
Han har ikkje forstått noko som helst rundt Brexit – eller så vrenger han på røynda med vilje for å bruke sjølv noko så dumt som britanes sjølvskot til å fremje sitt eige synd på EU. Ingen av delane er bra.
Alle dere som nå deler nyheter om hvor hardt EU straffer UK etter Brexit:
Forstår dere ikke at dette er utrolig dårlig reklame for EU?
Hva er EU? Costa Nostra? En dansk «rocker»-gjeng? Det virker jo helt jævlig å bli med i en klubb som dreper deg hvis du melder deg ut.
En justisminister bør i det minste være redelig. Men hun sier at Politiet har mistet virkemidler når Riksadvokaten har presisert at Politiet systematisk brukte dem feil. Og hun sidestiller avkriminalisering med legalisering. Inget av dette er redelighet.
#polkvart
Alle som har lest brevet frå Barr veit at Mueller-rapporten ikkje er ei frifinning av Trump. Norske medier må slutte å trykke Trumps talepunkt, når eit fire siders dokument motbeviser det. Og så må ein vente til heile rapporten er ute med å konkludere. Dette burde vere enkelt.
Kritikken mot Haaland-banneret er fascinerande: Ingen argumenterer mot at det er blodpengar. For det er jo det. Motstanden går på at han _får kritikk_ for å ta imot blodpengar. 🤷♂️
Han ville inn i Nobelkomiteen. Frp vart sur for at det ikkje gjekk. No snakkar han på ein russisk propagandakanal om at verda må akseptere den ulovlege annekteringa av Krim. Forkasteleg. I Hagens leiardagar ville Hagen blitt ekskludert frå Frp.
Det tok litt over éin månad frå KrF gjekk ut av byrådet dei hadde vore med i sidan 2015 til dei meinte at byrådet hadde handtert barnevernet på ein uansvarleg måte. Frekkheit er ei nådegåve, altså.
Ja, det er trist at Solheim ikkje kan noko om storfe. Dette er for at kalvar som er for gamle til å drikke av jura ikkje skal skade mora, men samtidig kunne vere saman med henne. 🤦♂️
This is sad!
Baby calves are forced to wear devices that prevent them from getting milk from their mother. 💔
The dairy industry need to change!
@JohnOberg