FylkesmannenSFJ Profile Banner
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Profile
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

@FylkesmannenSFJ

Followers
2K
Following
5
Statuses
2K

Fylkesmannen er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa.

Sogn og Fjordane
Joined December 2009
Don't wanna be here? Send us removal request.
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Frå 1. januar 2019 slår vi oss saman med Fylkesmannen i Hordaland. Følg oss vidare på @FMVestland!
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Vi takkar for oss i eit siste innlegg på Fylkesmannsbloggen, skrive av fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid. Til nyttår går fylkesmannsembetet i Sogn og Fjordane over i historia etter 255 år, og vi vert ein del av Fylkesmannen i Vestland.
0
2
1
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Regjeringa vedtok i statsråd 14.12.2018 å opprette Tingastad naturreservat i Sogndal kommune. Vernet skjer etter prosedyren for frivillig vern av skog, og regjeringa verna same dag totalt 40 nye skogområde i åtte fylke. (Foto: Tom Dybwad.)
Tweet media one
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Fylkesmannen har sett av 5,5 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2019 til fornying og innovasjon i offentleg sektor.
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Høyanger kommune har godkjent justert søknad om bygging av nytt bustadhus på Søreide. Fylkesmannen har ikkje innvendingar til dette.
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa mellom Balestrand og Høyanger skal justerast slik at Nesse grunnkrins blir flytta til Høyanger kommune.
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
– Teieplikt skal ikkje vera eit hinder for at born og andre får gode tenester, skriv fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid på Fylkesmannsbloggen. Her kan du lese heile innlegget hans om kor viktig det er at teieplikta vert nytta rett og med vit.
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Miljødirektoratet og Handelens miljøfond skal dele ut pengar til lag, organisasjonar, bedrifter og andre som vil rydde opp i marin forsøpling. 
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Vi har kartlagt sjukeheimstilbodet i fylket.
0
0
1
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Mellom 21. desember og 7. januar vil ikkje verjemålseininga vår kunne behandle søknader. Vi ber difor om at søknader og saker som ikkje kan vente til januar 2019, blir sendt så snart som råd, og helst innan 3. desember.
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
I dag er siste frist for å søkje på årsvikariatet som jurist hjå oss! Har du erfaring frå eller engasjement for plan- og bygningsrett? Då høyrer vi gjerne frå deg!
0
0
1
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
– Det har alltid vore slik at god økonomisk planlegging over tid løner seg, medan det er krevjande å rydde opp i raude rekneskapstal etter feilslått planlegging, skriv seniorrådgjevar Kåre Træen på Fylkesmannsbloggen. Les heile innlegget her:
Tweet media one
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Vil du bli vår nye kollega? Vi har fleire ledige stillingar!
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Saman med dei mest sentrale aktørane har vi evaluert handteringa av flaumen i Luster 14. oktober.
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Vi har sendt eit framlegg om oppretting av Kvist naturreservat i Balestrand kommune på høyring. Høyringsfristen er 15. januar 2019. (Foto: Tom Dybwad)
Tweet media one
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Vi søkjer etter jurist med erfaring frå eller interesse for plan- og bygningsrett. Søknadsfrist er 19. november. Les meir om stillinga her:
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Kommunar og regionale beredskapsaktørar var samla på Skei tidlegare denne veka, då vi arrangerte konferanse om øvingar, IKT-tryggleik og atomberedskap. (Foto: Mari Severinsen/Fylkesmannen)
Tweet media one
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Snart lyser @bufdir ut den nasjonale tilskotsordninga for inkludering av barn i låginntektsfamiliar. Målet er å motverke og dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje.
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Frå og med i dag kan ein kjøpe jodtablettar reseptfritt på apoteket. Desse tablettane er ein viktig del av eigenberedskapen, og står på DSB si liste over kva som er tilrådd å ha i heimen.
0
0
0
@FylkesmannenSFJ
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
6 years
Saman med @UiB har vi vore med og utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett berekna for tilsette i kommunane. Dette er ein pilot som er eksklusiv for kommunane i Sogn og Fjordane. Fristen for å nominere søkjarar er 2. november.
Tweet media one
0
0
0